Kjære deg

"No, akkurat no kan du velga å vera hos deg. Bli der og erfare korleis det er å vera deg."
Kven skulle tru at det nokon gong blei nok for meg, å berre bli hos meg.

Det hørres kanskje enkelt ut, men eg har ikkje hatt sjans før no.
Og framleis skimtar eg berre glimt av kva det eigentleg vil seie å bli hos meg.
Eg viklar meg inn i situasjonar og menneske, og eg anar ikkje før etterpå at eg gjekk glipp av meg oppi det heile.

Mi oppgåve i livet har vore å bli i stand til å romme meg sjølv. Bli med alt eg er, og alt som kjem og går i dette livet.

Mest av alt smerten eg har prøvd å halde unna.

Det som har komt til syne dei siste månedane, er av stor verd for meg.