Frå ytre bekrefting til indre væren

Å sjå utover meg sjølv har vore og er framleis ein tilstand (om eg kan kalle det det) for å få bekrefting. 

Bekrefting på at eg finst.

Bekrefting på at eg har verdi.

Eg visste ikkje anna. Og eg ikkje klart noko anna heller.

Tanken på å vera åleine har skremt meg. Frykten har lamma meg. Grenselaus og ute av stand til å ta ansvar for meg sjølv.

I dag anar eg konturen av mi eiga eksistens. Av mitt eige liv, der eg, som i min essens, er med på å skape mi eiga verkelegheit.

Det er både magisk og mystisk. Eg veit framleis ikkje heilt kvar vegen går, eller kva det vil bety for livet mitt.

Men eg lev i tillit til at alt er til for noko.

Vendepunkt

Etter eit lengre sjukehusopphald, og rehabilitering, var det som eg vart tvungen til å sjå nærare på livet mitt.

Og ei djup reis opna seg for meg, der eg er blitt skjenka moglegheitar til å bli kjend med meg sjølv.

Kanskje den mest djuptgripande erfaringen har vore å invitere pappa inn i livet mitt. Eg hadde inga aning kva slags effekt det skulle ha.

Eg vil skildre det som om eg møtte deler av meg sjølv, eg ikkje ante eksisterte. Som om møtet med pappa og vart eit møte med deler av meg sjølv eg har avvist.

Eg visste ikkje at det var mogleg.

Det er som om hjerta har opna seg og det er mogleg for meg å tillate å elske og å bli elska tilbake. 

Pappa og meg

"Eg er alt eg har lengta etter"

[Mitt rom]