Kunsten som spegel - Fargerike uttrykk frå djupet av sjela

Her deler eg historiar og mitt personlege uttrykk i måleria mine. Å vera stille lenge nok, å ha tillit til at eg har alt eg treng, og at eg kan bli hos meg sjølv - det er rikdom.

Det har vore umogleg for meg å teikne å måle utan at det skal vera fint og realistisk. No har måleria hjelpt meg å holde kontakten med meg sjølv, medan eg lever og heler, litt etter litt.

Tidleg i år fekk eg ein visjon av ein "Hærskare". Denne hærskaren vart eit bilete på at alt i livet høyrer til. Ingenting kunne vore annleis enn det det er.

Nokre dagar etter opplevinga sat eg ved bordet og lurte på om eg klarte å gjenskape det eg hadde sett, på papir. Sånn byrja det. Eg fann fram blyantar og målesaker.

Å vera kunstnar har vore så langt frå min forstand, men no kan eg vera det og.

Tankane om kunst fortel meg at det er meiningslaust, lite produktivt og verdilaust. Berre tanken på å nærma meg kunst, har gitt meg ei skamkjensle i kroppen og den har eg ikkje villa hatt.

Men no har skammen fått litt meir rom.

"Frå teknikk som vern, til skapande som relasjon. Frå kontroll til kontakt. Frå auga til sjel."

"Det er ingenting som kunne vore annleis enn det det er"