Nøkkelen
"Nokre gonger havnar ein del av meg bak lås og slå. Det lille barnet i meg. Tankane og den indre kritikaren har ikkje mykje tillit og kan vera nådelause i sine betraktningar. Heldigvis har eg lært at eg ikkje heilt kan stole på tankane og den indre kritikaren. Dei har sitt heilt eige språk, og gjer dei utrulegaste utsagn når eg gjer noko nytt og er redd.
Det har aldri vore tilgang til den delen av meg som viser omsorg, medkjensle, mildheit, varsomheit og er kjærlig med meg sjølv. No kan eg i det minste vise at eg har nøkkelen og at det er trygt her i hjerterommet.
Eg er så takknemleg for at den delen har blitt synleg. Litt etter litt."