Blomstring

I alle syklusar skjer det ei utvikling.

Månen går frå nymåne til fullmåne. Blomen går frå knopp til blomstring.

Om igjen og om igjen.

Syklusane er rørsla. Blomstringa er frukta av rørsla.

Heile livet har eg jakta, pressa og strekt meg etter å oppnå, prestere, produsere, underhalde, formidle og vere flink.

Alt handla om å gjere.

Eg visste ikkje korleis eg skulle vere. Eg fann verdien min i det eg gjorde.

No ser eg at utvikling ikkje berre handlar om rørsla framover.

Ho handlar òg om å kvile. Om å lytte.

Det er kanskje den vanskelegaste delen.

For når eg set meg ned og blir stille, då kjem ikkje berre roa.

Då kjem og sorga. Hjelpeløysa. Kroppen. Tankane. Kontrolldamene.  

Før trudde eg at det betydde at eg hadde gjort noko feil.

No undrar eg om det kanskje betyr at eg endeleg har blitt stille nok til å høyre det som lenge har venta på meg.

Kva om det er ikkje er noko gale med meg når eg kvilar?

Kva om det er då blomstringa får rom?

Vekst skjer i syklusar.

Om igjen og om igjen.