Samtale
Å gjere det for deg <3
Lengtar du etter å gjere noko for deg sjølv, utan at frykt, skuld, skam og hjelpeløyse held deg tilbake?
Eg har trudd det er feil å ha det sånn. Dersom eg kjenner frykt, skuld, skam eller hjelpeløyse, så er det ikkje noko for meg.
Eg har lært og erfart eit perspektiv eg har brukt i livet mitt.
Perspektivet heiter uroperspektivet, og er eit perspektiv kor det er mogleg å romme det som er, her og no, utan å måtte endre det. Gi plass til det du har, og det du ikkje vil ha, også når det gjer vondt.
Eg brukte dette perspektivet blandt anna når eg tok kontakt med min far.
Enno oppdagar eg rom som treng lys. Som har vore mørklagde og kalde. Litt og litt.
Her hjå meg er det rom for å ha det akkurat sånn du har det. Om du er nysgjerrig på deg sjølv og ynskjer å velje deg sjølv - ta kontakt.