Av Kirsten Nærheim Heggelund
Verdi
Eg sit utanfor kongens slott,
du kan tru det er flott.
I eitt år har eg vanka her,
og det er nett i dag det skjer
Å integrera frykt i den fysiske kropp,
er ikkje lett når tankane kjem og går,
utan stopp
Dei truande ideane om manglande verdi,
gir grobunn til ubehag,
i kroppens maskineri
Vil eg ha det sånn?
Kan eg ynskja det velkommen,
uroen som liknar flommen
For der er du,
som eg så inderleg skulle hatt bort,
likevel kjem du rakettfort
Kanskje nå med eit venleg blikk,
kan eg sjå på deg utan frykt,
før eg stikk
Eg blir her, i eitt sekund
eg vil invitera deg til å bli,
fordi du har ein enorm verdi