Vektskåla
Eg kikkar i di vektskål,
for å sjå om du har nok.
Eg trur på at min verdi,
kjem gjennom ansvar og omsorg
Du kikkar i mi vektskål,
for å sjå om eg har meir enn deg.
Du trur på at din verdi,
kjem frå kor mykje du har.
------------------------------------------------
Eg kjenner smerta begge ber på,
og berre der kan me møtast som likeverdige mennesker.
Eg er alt.
Me er eitt.
Eg har blitt inspirert. Det er ganske nytt for meg å å bli påverka for så å kunne bruke det til å skape noko for meg. Denne gongen traff eit sitat meg, og aktiverte sannheita/illusjonen om at det fins gode og dårlege mennesker. Eg trur det handlar om å sjekke om det verkeleg er sant for meg at det ikkje er sant. At ingen av oss berre er gode eller berre dårlege. Du ser, eg har trudd på det. At nokon er gode og nokon er dårlege. Og dei dårlege sidene har eg ikkje villa hatt. Eg har skjult dei sånn at ingen kan sjå dei...ikkje ein gong eg. Dei har uttrykt seg gjennom sanseerfaringar som frykt, skuld, skam og hjelpeløyse.
Eg har brukt mykje av livet mitt på ansvar og omsog. Passe på. Og det tyngar. Ikkje sånn at det liksom er så synleg, men det som er sant er, at andre sine behov har blitt større og viktigare enn mine. Eg, som i min essens vik unna.
Eg har og brukt mykje av livet mitt på å samanlikne meg med andre. Misunning, sjalusi og tankar om kvifor eg ikkje får det til. Det har nok ikkje vore så synleg det heller, for det er ikkje akkurat ein oppskatta attribut/ferdighet å ha. Så eg har berre kjent meg feil.
Så sender universet meg denne meldinga, om at eg kan kjenne smerta begge ber på. Under overflata av alt det me mennesker held på med, ligg det som er likt, smerten, ubehaget, det som ikkje er ei historie, men noko ein kan sanse.
Altså for ein friheit det er å vera alt. Medkjensla med meg sjølv akuar og rommet mitt utvidar seg littegrann.
Eg kjenner på takksemd for alle teikn eg får. Og for alt som er.
Me er eitt
- Mitt rom