Eg har eigd bilen min i 10 år. Den kjøpte eg usett etter at ein kompis var og godkjende den. Det har sjølvsagt vore store utgiftspostar på bilen. Likevel har den gjort nytten sin.
No er det så mykje rust på bilen at den ikkje overlever neste EU-kontroll.
Å ha bil er faktisk ein ganske god arena for å sjekke ut ubehaget mitt. Eg har ikkje skjønt før no at eg kan bruke den til å romme mi eiga uro.
Men no skjønar eg kor viktig den har vore.
Kvar gong det var noko feil, trudde eg det var min feil. At eg ikkje hadde gjort slik eg skulle ha gjort. I tillegg var det så mykje meiningar om kva eg skulle gjort, korleis eg skulle gjort det og kvifor eg skulle gjort det.
Eg kjenner det som sanseerfaringar i ansiktet mitt. Det er som regel der det fyrste teiknet kjem. Det er skamma som fortel meg at eg er dom.
Dom som ikkje skjønar korleis dette med bil fungerer.
For perfeksjonisten i meg, som treng å gjere alt rett, er allereie dømd til å feile her. Ein bil er jo ei bruksvare som blir i dårlegare stand etter kvart som eg brukar den.
Å vere usikker, uvitande og udugeleg gir meg kjensla av at det er noko gale med meg. At det ikkje skulle vore sånn.
Det er så frykteleg ubehageleg å ikkje vite.
Det er dette ubehaget som er verdifullt.
Kan eg bruke det til å utvide meg som menneske?
Ja.
Det trur eg på.
Så no har eg gjort noko heilt vilt. I alle fall for meg.
Eg bestilte prøvekjøring av bil hos ein forhandlar. Utan å forhøyre meg om det var lurt. (Det er vel ikkje heilt sant, for eg hadde allereie spurt bror min om kva som var lurast då eg skulle kjøpe meg bil for nokre veker sidan – tihi.)
Uansett. Eg fann tre bilar eg ville prøve.
Ein bil der eg visste eg sannsynlegvis hadde fått godkjenning av folk rundt meg.
Den andre var heilt ok på grunn av lite km og nyast.
Den tredje – ja, den syntest eg berre var dritlekker. Men eit merke eg aldri hadde høyrt nokon seie var eit bra merke osv.
Eg reiste til forhandlaren for å prøvekjøre bil.
Me hadde avtalt at eg ville prøve den dritlekre først. Den stod klar då eg kom.
Å herregud. Den var berre så fin.
Eg prøvekjørde den. Eg tok bilde av den. Eg tok bilde av meg sjølv med bilen. Eg las i serviceheftet.
Eg køyrde tilbake til forhandlaren og var solgt.
Denne bilen ville eg ha.
Men som dåke kanskje kjenner til, er kritikaren der og passar på.
Tvilen.
Blir eg lurt?
Har eg nok pengar?
Har eg sikra meg mot å føle meg dum og teit?
For eg veit jo at det vil komme kommentarar på kva eg har gjort.
Tankane som kjem er at eg må gjere klart forklaringa og forsvare handlingane mine.
Men no har eg gjort det. Eg har signert kontrakt. Eg har signert lånedokument. Eg har avtale med forhandlaren om at bilen er klar til å hentast i starten på neste veke.
Og eg veit ikkje.
Eg veit ikkje om eg har gjort eit godt kjøp.
Eg veit ikkje kva andre vil seie.
Eg veit ikkje korleis eg vil reagere.
Men eg vil gjere alt eg kan for å romme den kjensla av hjelpeløyse.
Den kjensla av å ikkje vite.
Kva kjensla er for –
Veit eg ikkje.